My Message

Mitt liv er, min bodskap. Livet mitt er ikkje interesant, men eg vil, gjennom livet mitt, få fram ein bodskap. Denne bodskapen er i houdsak dette;

«For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.» Joh 3,16

Mitt liv er ikkje verdig noko ros. Ja, eg er kristen og lever eit ganske «roleg» liv som ungdom i Norge i dag. Men dette er ikkje nok. For ein kan ikkje verte frelst ved gjerningar. Eller, me menneske er ikkje i stand til å klare dette. Då måtte me vore perfekte, kvar dag, kvar time, kvart sekund. Ingen rom for feil. Det vil seie at eg er fortapt. Men det stopper ikkje her. Johannes 3,16 seier at Gud sendte Jesus til verda for å frelse kvar den som trur. Med andre ord, eg er frelst.

Til dagleg prøver eg å leve rett, for eg vil så gjerne gjere godt rundt meg. Men eg gjer feil, og eg veit det. Det er lov. Og det vil eg formidle gjennom denne bloggen. At uansett kor mykje vondt eit menneske gjer, kan ein være frelst berre ved tru.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *