AllByMySelf

No sit eg heilt aleine i stova, ein fredagskveld i romjula 2011. Nett no behandlar livet mitt meg bra.

  • Eg har oppretta ein blogg, og eg er godt nøgd med den. Enkel, ja, men den ser OKut, og eg har ikkje større krav.
  • Eg er trøyt, har litt øyresus og kjennar at hovudet verkar, men eg sitt så godt i sofaen at eg på ein måte nyt det. Høyres spesielt ut, men der er no som det er.
  • Eg har skulefri.
  • Eg har ein bodskap med bloggen min.
  • Eg skal få meg iPhone snart.
  • Eg har det godt og varmt, mens det bles og regnar ute.
  • Eg har på meg ein vidunderleg god genser.
  • Eg er ikkje aleine, men eg chiller for fult med Jesus.

Hulter til bulter, men

ein kan ikkje forvente meir av meg. Viss denne bloggen vert oppretthaldt, og får nokon lesarar, vil de merke det.

Eg lagde forresten franske makroner i dag. Og dei vart vellukka.

MyLifeIsMyMessage

Eg har no oppretta ein blogg, og dette er mitt fyrste innlegg. Denne bloggen kjem nok ikkje til å vere aktiv, men den har ein bodskap, nemleg livet mitt. Eg lånte derfor quoten til Ghandi som namn på bloggen;

«My life is my message.»